onsdag 29. april 2009

Nettstaden min

Eg fekk ta ut den eine eksamenslesedagen i dag, 29. mai, så i dag har eg fått starta arbeidet med å gjere klar nettstaden min. Har rydda opp i strukturar, sjekka lenkjer og funne ut kva som manglar. Det var heller tynt under emnet informasjonskompetanse, for då gjekk alle krefter mot mappeoppgåva. Men eg veit eg har stoff liggande som eg kan lenke opp mot innanfor temaet. Elles har eg ein artikkel og eit samandrag som ikkje er ferdig, men det blir nok greit til slutt. Brukte to elevtekstar som eksempel på samansett tekst, fekk munnleg godkjenning på bruken :)

torsdag 23. april 2009

Produksjonsperiode

No har eg brukt kvelden som sjåfør for skulekorpset som hadde øving på Hellesylt. Gode hjelparar låste meg inn til nettilgang på skulen, så eg har kome i gang med arbeidet på nettstaden min. Der er nok meir å gjere enn eg tenkte!
No avsluttar eg kvelden med ein gjennomgang av kompendiet til Wølner. Skal starte idemyldring med klassa i morgon, kanskje kjem vi så langt at vi får sett opp mål for arbeidet med animasjonsfilmen vår. Det blir i allefall repetisjon av elektrisitet, og så får vi sjå kva vi klarar å kome i mål med.
Studiet har innfridd på mange måtar, det beste er nok inspirasjon til å ta i bruk ulike dataverktøy som vi kanskje alt har tilgjengeleg, men tenkjer at dette blir for vanskeleg for både elevane og meg.

onsdag 22. april 2009

Baksida av den sosiale weben

Gjennom studiet har vi blitt kjende med mange av dei positive sidene med web 2.0. Her er utruleg mykje å hente, og den sosiale weben er utgangspunkt for mykje god læring. Ein av elevane mine har lært ein del om publisering denne veka.
Medan vi kosa oss på siste samling i DKL 102, vart det for fristande å herje litt med vikarlærarane. Det er slikt som skjer. Eleven likte dårleg at eg tok dette opp med heimen, så han brukte MSN for å fortelje om kor sterkt han hata meg. Eg skal ikkje gå inn på detaljar, men slike truslar har ikkje lærarane på vår skule vore utsette for tidlegare. Heldigvis hadde eleven ein vaksen kontakt på MSN som oppdaga dette med ein gong, og som tok kontakt med både eleven og føresette. Dei tok så kontakt med meg og fortalde kva som hadde skjedd.
Slike episodar er nok noko vi vil måtte forhalde oss til i større grad i tida som kjem. Eg vil seie at denne eleven har høgare digital kompetanse enn dei fleste på sin alder, og til vanleg vil han kunne reflektere over kva han legg ut på nettet. Men mange elevar gjer ting i frustrasjon og sinne som dei ikkje ville gjort elles, og dette er vanskeleg materie. Eg har søkt råd både hos politiet og rektor, men det er tydeleg lite erfaring på området.
Konkret vil denne saka føre til ein gjennomgang/diskusjon i personalet, der vi skal diskutere og prøve å kome fram til retningslinjer for korleis vi skal forhalde oss når slikt skjer, og kva konsekvensar det må få for eleven.
Eg vil setje pris på å få kommentarar på dette innlegget, kanskje nokon som les dette har idear til vidare arbeid rundt problematikken? Etter mitt syn er det også ei side ved web 2.0 som bør behandlast på eit studie som DKL, kanskje til neste år?

Animasjonsfilm

Animasjon er litt skummelt det... Skulle berre sjå litt på prosjektet vårt, kanskje legge på den siste lydfila - og der var kvelden over! Kjempekjekt! Har lagt på lydfilene som vi hadde klare, og ein melodi (Marit Larsen)som eg lasta ned fritt frå ein reklame på Bokklubben. Har også leika litt med lengda på bileta vi la inn, og lagt til rulletekst. Ser no at ein del av bileta er uklare, og at vi heller ikkje har fått fram alle dei gode poenga vi var innom undervegs i filmen. Vi fekk i allefall med dei fleste av verkemidla innanfor reklame, og det var mykje humor undervegs!
For å publisere har eg registrert meg på You Tube. Det var også med tanke på siste innsats for KuHa i 7. klassa mi, der blir det ein animasjonsfilm. Dei har jobba kjempebra med kapitla om elektrisitet, så oppgåva blir å lage ein animasjon som viser korleis ein lagar ein slutta straumkrins og får ei lyspære til å lyse.
No ventar eg berre på MovieMaker som har hengt seg opp "ørten" gongar undervegs, må legge inn ein overgang før rulleteksten, så skulle alt vere klart.

Der er den inne på You Tube, så her er lenka til nyredigert versjon av FACE IT!
Akkurat no så får eg feilmelding på videoen, men med beskjed om "Try again later", så eg satsar på at lenkene blir rette. Nyt filmen :)

måndag 20. april 2009

Animasjon

Animasjon og digital ferdigheit kan det bli mange gode idear av. Her er ei lenke til ein film som samtidig er ein samansett tekst om digital kompetanse. Spennande!

fredag 17. april 2009

Animasjon

Siste samling er ferdig:( Ser fram til å bli ferdig med studiet, men har hatt det utruleg kjekt undervegs! Har treft på mange flinke og trivelege folk, og lært ein heil masse.
Torsdagskvelden gjekk med til respons. Vi las oppgåvene til kvarandre, og gav respons til kvarandre etter beste evne. Takk til Marita for konstruktive tilbakemeldingar!
På samlinga i dag har vi jobba med animasjon. Inspirerande forelesar (TA Wølner) som minte oss på å ha fokus på fagmål og ikkje berre på det tekniske. Det er lett å gløyme når det skal lagast animasjonsfilm på tre timar! Gruppa vår fungerte godt i lag, humor og gode replikkar dreiv arbeidet lett framover. Morten stiller med mykje erfaring innan film/animasjon, så vi fekk få tekniske problem. Det var nyttig å gå gjennom målskjema og skjema for refleksjon omkring måloppnåing. Legg ikkje lenkje til dokumentet vårt enno, vil finpusse litt på både dokumentet og filmen før eg publiserer det.
Eg har laga animasjon med elevar tidlegare, men har nok då hatt mest fokus på å få ferdig ein film. Fekk lyst til å jobbe meir med animasjon no, og skal finne eit tema innanfor pensum til 7. trinn før vi sluttar av i vår. Då vil nok også fokus bli på manuskript og storyboard. Elevane beherskar Audacity (til ein viss grad), og skal få i oppgåve å bruke det programmet også. Eg har ikkje brukt Movie Maker tidlegare, så der lærte eg meg eit nytt program. Det gjekk lettare enn eg trudde å lage eigne lydar gjennom Audacity. Vi prøvde opptaksfunksjonen i Movie Maker også, men Audacity vart lettare å bruke.

torsdag 16. april 2009

Samling 16. april

Første del av samlinga har gått med til respons i lag med Marita. Fekk gode tilbakemeldingar og tips til endringar og forbetringar.

onsdag 15. april 2009

Klar for siste samling

I morgon er siste samling :(
Samlingane er eit absolutt lyspunkt i studiet, kjekt å vere på mottakarsida! Elles er det bra vi har produksjonsperiode no framover, og ikkje mykje nytt. Nettstaden min ber preg av å vere eit forsømt kapittel, så den må nok få ei kraftig oppdatering før godkjenningsfristen. Eg har også nokre øvingsoppgåver som vart satt på vent. Øvingsoppgåvene har vore bra, og vore til god hjelp til refleksjon undervegs. Så om eg ikkje rekk alt før godkjenningsfristen, så vil eg nok gå gjennom øvingsoppgåvene likevel.

torsdag 2. april 2009

Framside til M3

Karina brukte eit program ein gong: Wordle.net
Har leika litt med det no, og trur eg har eit bilete til framsida mi. Her er oppgåva mi i kortversjon:
Wordle: Informasjonskompetanse

onsdag 1. april 2009

M3 ferdig - nesten...

No er det berre finpussen av oppgåva som står att - eller modning - og det er bra! Då M3 vart utlevert, var eg skeptisk til om Netvibes i det heile kunne vere nokon god idè i grunnskulen. Etter som eg har arbeidd meg inn i stoffet, ser eg mange fordelar med eit slikt informasjonsnav. Eg er ikkje sikker på i kor stor grad elevane skal vere aktive, og det vil kanskje vere litt ulikt frå klasse til klasse? I allefall føler eg meg sikker på at dersom lærarane gjer dette til ein arbeidsreiskap, så vil dei kunne tilpasse eit slikt nav til dei fleste brukargrupper. Korleis samhandlinga med LMS på skulen vil fungere, er eg også usikker på. På skulen min er det vanskeleg å overbevise ein del av lærarane om at LMS (Pedit) er lurt, og det er i grunn enkelt å ta i bruk. Det heile handlar nok meir om ei haldningsendring enn om å ta i bruk ulik programvare.
No tek eg snart påskeferie (Må berre hugse å laste opp den ferdigmodna oppgåva først .. ), og gler meg til late dagar på hytta, utan tilgang til internett!
God påske til den som måtte lese dette :)

Norsklærer med digitalt grensesnitt: Nyno på elevmaskiner?

I samband med M3 surfar eg litt omkring, og har mellom anna lagt til Leif Harboe sin norsklærarblogg. Her er det forskjellige tankar og idear som er verdt å lese. Fann ein funksjon der eg kunne dele innlegget, og "plutseleg" havna det inn på min blogg. Interessant diskusjon om nynorsk, med fleire kommentarar:
Norsklærer med digitalt grensesnitt: Nyno på elevmaskiner?