onsdag 22. april 2009

Animasjonsfilm

Animasjon er litt skummelt det... Skulle berre sjå litt på prosjektet vårt, kanskje legge på den siste lydfila - og der var kvelden over! Kjempekjekt! Har lagt på lydfilene som vi hadde klare, og ein melodi (Marit Larsen)som eg lasta ned fritt frå ein reklame på Bokklubben. Har også leika litt med lengda på bileta vi la inn, og lagt til rulletekst. Ser no at ein del av bileta er uklare, og at vi heller ikkje har fått fram alle dei gode poenga vi var innom undervegs i filmen. Vi fekk i allefall med dei fleste av verkemidla innanfor reklame, og det var mykje humor undervegs!
For å publisere har eg registrert meg på You Tube. Det var også med tanke på siste innsats for KuHa i 7. klassa mi, der blir det ein animasjonsfilm. Dei har jobba kjempebra med kapitla om elektrisitet, så oppgåva blir å lage ein animasjon som viser korleis ein lagar ein slutta straumkrins og får ei lyspære til å lyse.
No ventar eg berre på MovieMaker som har hengt seg opp "ørten" gongar undervegs, må legge inn ein overgang før rulleteksten, så skulle alt vere klart.

Der er den inne på You Tube, så her er lenka til nyredigert versjon av FACE IT!
Akkurat no så får eg feilmelding på videoen, men med beskjed om "Try again later", så eg satsar på at lenkene blir rette. Nyt filmen :)

1 kommentar:

  1. Artig film!!haha...no vart eg grådig nyfiken...litt slik eg føler meg blant all dialektbruk med denne grautnynorsken min...men nokon må halde stand: tal dialekt - skriv nynorsk!! :)Takk for tipset med gratis Marit Larsen

    SvarSlett