Gjennom studiet har vi blitt kjende med mange av dei positive sidene med web 2.0. Her er utruleg mykje å hente, og den sosiale weben er utgangspunkt for mykje god læring. Ein av elevane mine har lært ein del om publisering denne veka.
Medan vi kosa oss på siste samling i DKL 102, vart det for fristande å herje litt med vikarlærarane. Det er slikt som skjer. Eleven likte dårleg at eg tok dette opp med heimen, så han brukte MSN for å fortelje om kor sterkt han hata meg. Eg skal ikkje gå inn på detaljar, men slike truslar har ikkje lærarane på vår skule vore utsette for tidlegare. Heldigvis hadde eleven ein vaksen kontakt på MSN som oppdaga dette med ein gong, og som tok kontakt med både eleven og føresette. Dei tok så kontakt med meg og fortalde kva som hadde skjedd.
Slike episodar er nok noko vi vil måtte forhalde oss til i større grad i tida som kjem. Eg vil seie at denne eleven har høgare digital kompetanse enn dei fleste på sin alder, og til vanleg vil han kunne reflektere over kva han legg ut på nettet. Men mange elevar gjer ting i frustrasjon og sinne som dei ikkje ville gjort elles, og dette er vanskeleg materie. Eg har søkt råd både hos politiet og rektor, men det er tydeleg lite erfaring på området.
Konkret vil denne saka føre til ein gjennomgang/diskusjon i personalet, der vi skal diskutere og prøve å kome fram til retningslinjer for korleis vi skal forhalde oss når slikt skjer, og kva konsekvensar det må få for eleven.
Eg vil setje pris på å få kommentarar på dette innlegget, kanskje nokon som les dette har idear til vidare arbeid rundt problematikken? Etter mitt syn er det også ei side ved web 2.0 som bør behandlast på eit studie som DKL, kanskje til neste år?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Dette du tek opp her er heilt klart noko som bør på dagsordenen. Det at det ikkje finst angreknapp på chat, er dumt! Dette med folkeskikk på nett, må lærast. Stor grad av dei problema som oppstår mellom elevane på skulen min, er relaterte til digital mobbing og - ufinheit. Tankekors at ikkje politet har framlegg til korleis ein skal handttere slikt. Kan hende er det vi på dette studiet som må finne løysinga. Kanskje ei mappeoppgåve neste år?
SvarSlett