måndag 26. januar 2009

Veke 5

I helga prøvde eg å jobbe litt med nettstaden, men føler at det går litt trått.. Trur kanskje at det gjekk opp nokre lys i går kveld, så det kan hende det blir litt kjekkare å halde på etterkvart. Mappeoppgåva er eg ikkje heilt i gang med enno, men har avtalt med Morten at vi skal ta litt idè-myldring i lag på onsdag. Vi har mange planar for klassa, det blir nok både nettstad og blogg på dei også utover våren. Før vi kan starte på det, blir nok personvern og nettbruk tema på eit foreldremøte, så mappeoppgåva blir svært praktisk retta for oss. Foreldre ser gjerne ting frå heilt uventa vinklar, så vi får bu oss på det meste :)

Ser at Kjartan har lagt ut ny leksjon med oppgåve, håpar at den også kan setje tankane i sving.

1 kommentar:

  1. Javel, det kan vel vere ei trøyst at du ikkje er aleine om å føle at det går litt treigt. Eg har vore nøydd til å jobba meg opp fredag og sundag, då eg ikkje har hatt tid å jobbe med noko sidan me var i Volda. Eg håper eg kan få litt hjelp/tips for å komme ajour... har bl.anna problemer med å få tak i Mindomo-fila vi holdt på med.

    SvarSlett