Denne helga må M3 bli ferdig :) Er godt i gang med oppgåva no, det største problemet er at eg finn så mange interessante nettsider undervegs, slikt tek tid!
Informasjonsnav er interessant, og eg har vel endra litt syn på bruken av det etterkvart som eg har arbeidd med oppgåva. No konsentrerar eg meg om eit nav som skal gjelde for 8. trinn på ungdomsskulen. Navet finn du her. For å tenkje litt realistisk og praktisk tok eg kontakt og fekk tilgang til ein vekeplan for 8. trinn på Stranda Ungdomsskule. (Takk til Oddbjørn!) Har ikkje heilt kontroll på korleis elevane skal få lagt inn sitt stoff og dele med andre enno. Eg satsar på Google Dokument, men er ikkje heilt siker på om det vil virke slik eg trur. Det får våge seg, eg trur ikkje eg kan bruke meir tid på den praktiske delen av oppgåva no, refleksjonen omkring bruken bør vel vere den viktigaste oppgåvedelen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Huff da... la inn ein kommentar, men den kom ikkje med. Eg opplever også at Netvibes og informasjonsnav vil kunne bli ein effektiv og god ressurs i undervisningen. RSS vert og ein meir effektiv måte å samle informasjonen på. Ellers ser eg at mange på Forum er så opptatt og problematiserer dette med "scenarie" i M3, men det er vel ikkje så viktig. Det viktigste er vel pkt. 2 og 3, altså korleis vi kan implementere informasjonsnavet i undervisninga og korleis det kan verte eit godt verkty for elevar og læraren.
SvarSlett