Sjølv med sol og vårstemning ute har eg klart å kome gjennom leksjon 2 i tenkeverktøy, nokonlunde i allefall. Eg har att oppgåve 1 til leksjonen, den må kome etter litt tenking. Har lasta ned og leika litt med bru-konstruksjon. (Bridge-construction, last ned demo her) Eg kan i allefall slå fast at verda ikkje saknar ingeniøren Agnes, her var det mange mislykka forsøk. Litt vanskeleg å manøvrere, å forstå når eg hadde brukt opp budsjettet? Reknar med at det var det som skjedde då eg plutseleg ikkje fekk legge på meir materiale... Eg nådde ikkje nivå tre denne gongen, vi får sjå om eg tek ein runde til seinare.
Skjermbilete, tatt med "Jing"Denne brua var vel meir som ein demo, men biletet vart fint :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar