Oppgåve 1:
Sørgje for å vere medlem av minst tre av nettsamfunna lista opp i oppgåva.
- MSN: Eg oppretta hotmailadresse og MSN konto då svigermor på 70 år kjøpte seg ny bærbar PC. Ho kommuniserer med barnebarna på MSN, og då måtte eg nesten hive meg med i gjengen. Eg brukar MSN lite, mest fordi dei eg kommuniserar med ikkje nyttar dette programmet. Eg har inntrykk av at dette er ein type IM (Instant Message) som held stand mellom ungdom.
- Facebook: Eg oppretta konto på Facebook ein gong i 2007. Eg var litt nysgjerrig på kva dette var, men også skeptisk pga av negativ omtale. Vart litt provosert over alle spørsmåla ein kunne svare på, og ser at dersom ein trur at dette er spørsmål som må svarast på, vil enkelte legge ut i meste laget av informasjon. I starten var det få venner å legge til, noko som har tatt seg voldsomt opp seinare. Det er spesielt kjekt å oppdage vener ein ikkje har hatt kontakt med på lang tid, som då det plutseleg ramla inn invitasjon til 40-års-lag i New York.
- Nettby: Barna mine og elevane mine har lenge hatt konto på Nettby, utan at eg heilt har gått inn i kva dette samfunnet består av. Eg gjekk derfor inn og oppretta konto. I forhold til Facebook er dette eit meir "ope" samfunn, der alle kan gå inn og sjå på kontoen din. Det ligg også liste over kven som har vore inne på kontoen din, og du legg sjølv igjen spor om du går inn på andre. Eg likte ikkje konseptet med reklame meldingar og meir eller mindre seriøse artiklar med digre overskrifter som pregar startsida på Nettby. Eg vart nokså raskt kontakta av ein "Nettbyboar" som gjerne ville skrive brev og chatte, og følte at dette kom for nært inn på privatområdet mitt.
- Skype: Eg oppretta ikkje Skype-konto før eg fekk bruk for det i oppgåveskriving her på DKL 102. Eit svært nyttig program! Her kan ein kommunisere ein eller fleire saman, med tekst eller tale. ein kan også kople på Web-kamera. Det siste har eg ikkje prøvd, men forstår at ein då bør ha svært gode linjer for at det skal fungere på ein god måte. Eg har også snakka med folk som nyttar Skype i arbeidssamanheng, og har møte med folk i fleire land på same tid.
- Delicious: Delicious er ein stad der ein kan ta vare på nyttige nettadresser. Eg har oppretta konto, men ikkje teke programmet aktivit i bruk enno.
- Flicr: Har oppretta konto, men ikkje teke programmet aktivt i bruk
- Picasa: Program for bilete lagring- og behandling. Sist nedlasta er Picasa 3, der det også er lett å setje bileta saman til film. Fungerar godt i lag med web-baserte Picasa web album.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar