onsdag 13. mai 2009

Eksamen DKL 102

Har hatt lesedag i dag, og refleksjonsnotatet mitt er klart. Det må få kvile eit par timar før eg lastar det opp i eksamensmappa, må lese over nokre gongar til!
Denne gongen var det ganske klart kva for oppgåver eg skulle levere, M2 og M3. Er kjempefornøgd med gruppearbeidet vårt. Når eg les det no i etterkant ser eg at vi har laga noko bra, kanskje eg til og med tek det i bruk ein dag? M3 vart også ei god oppgåve, og ei oppgåve der eg endra syn på det eg skreiv om etterkvart som eg sette meg meir inn i tankegang rundt eit informasjonsnav. M1 vart ei praktisk retta oppgåve for meg, skal bruke delar av den på ei økt i eige kollegie, så alt i alt har det vore gjort mykje fornuftig arbeid i løpet av vinteren.

Med dette er vel studieblogginga slutt... har snubla over ein del interessante bloggar i løpet av året, så kjem nok til å følge med litt meir enn eg har gjort. Kanskje blir det blogg frå sofaen når abstinensen etter studiet slår inn i lag med hauststormane?

tysdag 5. mai 2009

Senka skuldre!

Har fått godkjent både nettstad og siste mappeoppgåve, og guten er konfirmert med alt som høyrer til, no er det berre å levere inn til eksamen som står att. Blir litt rart å ikkje "måtte innom" for å sjekke eitt og anna!
Ser at vi blir utestengde frå Google - gavolda, det var vel venta, men vil gjerne ta vare på noko av det som ligg der. Får ta ein runde og kopiere over, om ikkje nokon kjem opp med ein god ide til andre måtar. Trur nok ikkje eg blir ein fast bloggar, om eg ikkje finn ein eller annan hobbyblogg eg vil henge meg på. Forstår likevel at enkelte (ungdomar) blir litt hekta på dette, ser at nokre brukar statusen på Fjesboka som ein slags blogg. No skal eg samle papir eg har skreve ut gjennom studiet, har lova ut at det skal vere tilgjengeleg på skulen, så eg får flytte permane dit ned :)

onsdag 29. april 2009

Nettstaden min

Eg fekk ta ut den eine eksamenslesedagen i dag, 29. mai, så i dag har eg fått starta arbeidet med å gjere klar nettstaden min. Har rydda opp i strukturar, sjekka lenkjer og funne ut kva som manglar. Det var heller tynt under emnet informasjonskompetanse, for då gjekk alle krefter mot mappeoppgåva. Men eg veit eg har stoff liggande som eg kan lenke opp mot innanfor temaet. Elles har eg ein artikkel og eit samandrag som ikkje er ferdig, men det blir nok greit til slutt. Brukte to elevtekstar som eksempel på samansett tekst, fekk munnleg godkjenning på bruken :)

torsdag 23. april 2009

Produksjonsperiode

No har eg brukt kvelden som sjåfør for skulekorpset som hadde øving på Hellesylt. Gode hjelparar låste meg inn til nettilgang på skulen, så eg har kome i gang med arbeidet på nettstaden min. Der er nok meir å gjere enn eg tenkte!
No avsluttar eg kvelden med ein gjennomgang av kompendiet til Wølner. Skal starte idemyldring med klassa i morgon, kanskje kjem vi så langt at vi får sett opp mål for arbeidet med animasjonsfilmen vår. Det blir i allefall repetisjon av elektrisitet, og så får vi sjå kva vi klarar å kome i mål med.
Studiet har innfridd på mange måtar, det beste er nok inspirasjon til å ta i bruk ulike dataverktøy som vi kanskje alt har tilgjengeleg, men tenkjer at dette blir for vanskeleg for både elevane og meg.

onsdag 22. april 2009

Baksida av den sosiale weben

Gjennom studiet har vi blitt kjende med mange av dei positive sidene med web 2.0. Her er utruleg mykje å hente, og den sosiale weben er utgangspunkt for mykje god læring. Ein av elevane mine har lært ein del om publisering denne veka.
Medan vi kosa oss på siste samling i DKL 102, vart det for fristande å herje litt med vikarlærarane. Det er slikt som skjer. Eleven likte dårleg at eg tok dette opp med heimen, så han brukte MSN for å fortelje om kor sterkt han hata meg. Eg skal ikkje gå inn på detaljar, men slike truslar har ikkje lærarane på vår skule vore utsette for tidlegare. Heldigvis hadde eleven ein vaksen kontakt på MSN som oppdaga dette med ein gong, og som tok kontakt med både eleven og føresette. Dei tok så kontakt med meg og fortalde kva som hadde skjedd.
Slike episodar er nok noko vi vil måtte forhalde oss til i større grad i tida som kjem. Eg vil seie at denne eleven har høgare digital kompetanse enn dei fleste på sin alder, og til vanleg vil han kunne reflektere over kva han legg ut på nettet. Men mange elevar gjer ting i frustrasjon og sinne som dei ikkje ville gjort elles, og dette er vanskeleg materie. Eg har søkt råd både hos politiet og rektor, men det er tydeleg lite erfaring på området.
Konkret vil denne saka føre til ein gjennomgang/diskusjon i personalet, der vi skal diskutere og prøve å kome fram til retningslinjer for korleis vi skal forhalde oss når slikt skjer, og kva konsekvensar det må få for eleven.
Eg vil setje pris på å få kommentarar på dette innlegget, kanskje nokon som les dette har idear til vidare arbeid rundt problematikken? Etter mitt syn er det også ei side ved web 2.0 som bør behandlast på eit studie som DKL, kanskje til neste år?

Animasjonsfilm

Animasjon er litt skummelt det... Skulle berre sjå litt på prosjektet vårt, kanskje legge på den siste lydfila - og der var kvelden over! Kjempekjekt! Har lagt på lydfilene som vi hadde klare, og ein melodi (Marit Larsen)som eg lasta ned fritt frå ein reklame på Bokklubben. Har også leika litt med lengda på bileta vi la inn, og lagt til rulletekst. Ser no at ein del av bileta er uklare, og at vi heller ikkje har fått fram alle dei gode poenga vi var innom undervegs i filmen. Vi fekk i allefall med dei fleste av verkemidla innanfor reklame, og det var mykje humor undervegs!
For å publisere har eg registrert meg på You Tube. Det var også med tanke på siste innsats for KuHa i 7. klassa mi, der blir det ein animasjonsfilm. Dei har jobba kjempebra med kapitla om elektrisitet, så oppgåva blir å lage ein animasjon som viser korleis ein lagar ein slutta straumkrins og får ei lyspære til å lyse.
No ventar eg berre på MovieMaker som har hengt seg opp "ørten" gongar undervegs, må legge inn ein overgang før rulleteksten, så skulle alt vere klart.

Der er den inne på You Tube, så her er lenka til nyredigert versjon av FACE IT!
Akkurat no så får eg feilmelding på videoen, men med beskjed om "Try again later", så eg satsar på at lenkene blir rette. Nyt filmen :)

måndag 20. april 2009

Animasjon

Animasjon og digital ferdigheit kan det bli mange gode idear av. Her er ei lenke til ein film som samtidig er ein samansett tekst om digital kompetanse. Spennande!

fredag 17. april 2009

Animasjon

Siste samling er ferdig:( Ser fram til å bli ferdig med studiet, men har hatt det utruleg kjekt undervegs! Har treft på mange flinke og trivelege folk, og lært ein heil masse.
Torsdagskvelden gjekk med til respons. Vi las oppgåvene til kvarandre, og gav respons til kvarandre etter beste evne. Takk til Marita for konstruktive tilbakemeldingar!
På samlinga i dag har vi jobba med animasjon. Inspirerande forelesar (TA Wølner) som minte oss på å ha fokus på fagmål og ikkje berre på det tekniske. Det er lett å gløyme når det skal lagast animasjonsfilm på tre timar! Gruppa vår fungerte godt i lag, humor og gode replikkar dreiv arbeidet lett framover. Morten stiller med mykje erfaring innan film/animasjon, så vi fekk få tekniske problem. Det var nyttig å gå gjennom målskjema og skjema for refleksjon omkring måloppnåing. Legg ikkje lenkje til dokumentet vårt enno, vil finpusse litt på både dokumentet og filmen før eg publiserer det.
Eg har laga animasjon med elevar tidlegare, men har nok då hatt mest fokus på å få ferdig ein film. Fekk lyst til å jobbe meir med animasjon no, og skal finne eit tema innanfor pensum til 7. trinn før vi sluttar av i vår. Då vil nok også fokus bli på manuskript og storyboard. Elevane beherskar Audacity (til ein viss grad), og skal få i oppgåve å bruke det programmet også. Eg har ikkje brukt Movie Maker tidlegare, så der lærte eg meg eit nytt program. Det gjekk lettare enn eg trudde å lage eigne lydar gjennom Audacity. Vi prøvde opptaksfunksjonen i Movie Maker også, men Audacity vart lettare å bruke.

torsdag 16. april 2009

Samling 16. april

Første del av samlinga har gått med til respons i lag med Marita. Fekk gode tilbakemeldingar og tips til endringar og forbetringar.

onsdag 15. april 2009

Klar for siste samling

I morgon er siste samling :(
Samlingane er eit absolutt lyspunkt i studiet, kjekt å vere på mottakarsida! Elles er det bra vi har produksjonsperiode no framover, og ikkje mykje nytt. Nettstaden min ber preg av å vere eit forsømt kapittel, så den må nok få ei kraftig oppdatering før godkjenningsfristen. Eg har også nokre øvingsoppgåver som vart satt på vent. Øvingsoppgåvene har vore bra, og vore til god hjelp til refleksjon undervegs. Så om eg ikkje rekk alt før godkjenningsfristen, så vil eg nok gå gjennom øvingsoppgåvene likevel.

torsdag 2. april 2009

Framside til M3

Karina brukte eit program ein gong: Wordle.net
Har leika litt med det no, og trur eg har eit bilete til framsida mi. Her er oppgåva mi i kortversjon:
Wordle: Informasjonskompetanse

onsdag 1. april 2009

M3 ferdig - nesten...

No er det berre finpussen av oppgåva som står att - eller modning - og det er bra! Då M3 vart utlevert, var eg skeptisk til om Netvibes i det heile kunne vere nokon god idè i grunnskulen. Etter som eg har arbeidd meg inn i stoffet, ser eg mange fordelar med eit slikt informasjonsnav. Eg er ikkje sikker på i kor stor grad elevane skal vere aktive, og det vil kanskje vere litt ulikt frå klasse til klasse? I allefall føler eg meg sikker på at dersom lærarane gjer dette til ein arbeidsreiskap, så vil dei kunne tilpasse eit slikt nav til dei fleste brukargrupper. Korleis samhandlinga med LMS på skulen vil fungere, er eg også usikker på. På skulen min er det vanskeleg å overbevise ein del av lærarane om at LMS (Pedit) er lurt, og det er i grunn enkelt å ta i bruk. Det heile handlar nok meir om ei haldningsendring enn om å ta i bruk ulik programvare.
No tek eg snart påskeferie (Må berre hugse å laste opp den ferdigmodna oppgåva først .. ), og gler meg til late dagar på hytta, utan tilgang til internett!
God påske til den som måtte lese dette :)

Norsklærer med digitalt grensesnitt: Nyno på elevmaskiner?

I samband med M3 surfar eg litt omkring, og har mellom anna lagt til Leif Harboe sin norsklærarblogg. Her er det forskjellige tankar og idear som er verdt å lese. Fann ein funksjon der eg kunne dele innlegget, og "plutseleg" havna det inn på min blogg. Interessant diskusjon om nynorsk, med fleire kommentarar:
Norsklærer med digitalt grensesnitt: Nyno på elevmaskiner?

søndag 29. mars 2009

Netvibes

Netvibes blir meir og meir interessant ettersom eg legg til fleire ting, kanskje endar det med at eg lagar eit reelt nav for klassa mi før året er omme?
M3 vart ikkje ferdig i helga, men eg har eit utkast. Eg rakk iallefall å gjere ferdig årsmeldinga for Utdanningsforbundet, og det årsmøtet skal haldast før oppgåvefristen går ut ;)
Eg har sett på fleire av videoane det er vist til i leksjonane, og lært mykje av dei. Birgitte Kleivset sin definisjon av informasjonskompetanse var grei å forholde seg til, og eg har brukt litt ekstra tid på Wesch sin video. Kanskje er det ikkje så langt inn i framtida som eg tenkte då eg såg det første gongen? Eg trur at mange etterkvart vil oppdage fordelen med RSS, og det vil bli eit behov for å samle informasjonsstraumen på ein plass. Medan eg har arbeidd med M3 har eg hatt større fokus på RSS, og ser no det lille symbolet på snart alle nettsider eg er innom. Læringsplattforma i grunnskulen i Stranda er PedIt, neste prosjekt må bli å finne ut korleis eg tek vare på RSS innanfor denne. Sjølv om eit informasjonsnav ikkje er så langt inn i framtida, er likevel realiteten i grunnskulen at mange av lærarane heng etter i den digitale verda, enkelte ser heller ikkje nokon fordel med læringsplattformer eller bruk av dataommet til anna enn tekstproduksjon på tradisjonelt vis.
Her har vi eit større prosjekt som ventar: Korleis overbevise om at det er nyttig å bruke tida på datarommet til noko meir enn drillprogram og Writer? Korleis flytte arbeid med informasjonskompetanse frå dei to timane i veka på datarommet og over til den daglege undervisninga?

laurdag 28. mars 2009

M3

Denne helga må M3 bli ferdig :) Er godt i gang med oppgåva no, det største problemet er at eg finn så mange interessante nettsider undervegs, slikt tek tid!
Informasjonsnav er interessant, og eg har vel endra litt syn på bruken av det etterkvart som eg har arbeidd med oppgåva. No konsentrerar eg meg om eit nav som skal gjelde for 8. trinn på ungdomsskulen. Navet finn du her. For å tenkje litt realistisk og praktisk tok eg kontakt og fekk tilgang til ein vekeplan for 8. trinn på Stranda Ungdomsskule. (Takk til Oddbjørn!) Har ikkje heilt kontroll på korleis elevane skal få lagt inn sitt stoff og dele med andre enno. Eg satsar på Google Dokument, men er ikkje heilt siker på om det vil virke slik eg trur. Det får våge seg, eg trur ikkje eg kan bruke meir tid på den praktiske delen av oppgåva no, refleksjonen omkring bruken bør vel vere den viktigaste oppgåvedelen.

søndag 22. mars 2009

Informasjonskompetanse 1og 2

Leksjon 1: Interessant stoff, mykje å setje seg inn i i desse leksjonane. Dette er viktige tankar å ta med seg inn i skulen, for her er det mykje klipp og lim av lite relevant informasjon, ofte er ikkje elevane sikre på kva som står i det dei har klipt ut og brukt ein gong! Lenge sidan eg har hatt lyst til å gripe fatt i fleire av oppgåvene som høyrer til leksjonen.
Leksjon 2: No har eg oppretta informasjonsnavet mitt, og klikkar innom på det meste. Her er adressa til den offentlege sida. Den er ganske kjedeleg, det finst sikkert noko meir å gjere der ;)Trur eg har sendt reklamemelding til alle på ga.volda også, får vel høyre det om eg har gjort noko gale... Trudde eg var inne på noko som kunne vise fram andre nettvibes-sider. Skal jobbe meir med dette navet, så finn eg vel ut av det.
Skal både reflektere og lese fleire artiklar, men kjenner tidspresset på M3, så må starte opp den først. Må vel bli enig med meg sjølv om at informasjonsnav er lurt å innføre i skulen, men kjenner meg ikkje heilt overbevist enno. Individuelle nav er i allefall ikkje aktuelt i barneskulen, men eit klassenav, styrt av lærar, bør kunne fungere. På skulen var har vi PedIt som LMS, og brukar det som eit informasjonsnav. Kanskje eg bør finne ut om vi kan abbonnere på feedar der?

søndag 15. mars 2009

Sosial web 1, oppgåve 1

Oppgåve 1:

Sørgje for å vere medlem av minst tre av nettsamfunna lista opp i oppgåva.

 


  • MSN: Eg oppretta hotmailadresse og MSN konto då svigermor på 70 år kjøpte seg ny bærbar PC. Ho kommuniserer med barnebarna på MSN, og då måtte eg nesten hive meg med i gjengen. Eg brukar MSN lite, mest fordi dei eg kommuniserar med ikkje nyttar dette programmet. Eg har inntrykk av at dette er ein type IM (Instant Message) som held stand mellom ungdom.


  • Facebook: Eg oppretta konto på Facebook ein gong i 2007. Eg var litt nysgjerrig på kva dette var, men også skeptisk pga av negativ omtale. Vart litt provosert over alle spørsmåla ein kunne svare på, og ser at dersom ein trur at dette er spørsmål som må svarast på, vil enkelte legge ut i meste laget av informasjon. I starten var det få venner å legge til, noko som har tatt seg voldsomt opp seinare. Det er spesielt kjekt å oppdage vener ein ikkje har hatt kontakt med på lang tid, som då det plutseleg ramla inn invitasjon til 40-års-lag i New York.


  • Nettby: Barna mine og elevane mine har lenge hatt konto på Nettby, utan at eg heilt har gått inn i kva dette samfunnet består av. Eg gjekk derfor inn og oppretta konto. I forhold til Facebook er dette eit meir "ope" samfunn, der alle kan gå inn og sjå på kontoen din. Det ligg også liste over kven som har vore inne på kontoen din, og du legg sjølv igjen spor om du går inn på andre. Eg likte ikkje konseptet med reklame meldingar og meir eller mindre seriøse artiklar med digre overskrifter som pregar startsida på Nettby. Eg vart nokså raskt kontakta av ein "Nettbyboar" som gjerne ville skrive brev og chatte, og følte at dette kom for nært inn på privatområdet mitt.


  • Skype: Eg oppretta ikkje Skype-konto før eg fekk bruk for det i oppgåveskriving her på DKL 102. Eit svært nyttig program! Her kan ein kommunisere ein eller fleire saman, med tekst eller tale. ein kan også kople på Web-kamera. Det siste har eg ikkje prøvd, men forstår at ein då bør ha svært gode linjer for at det skal fungere på ein god måte. Eg har også snakka med folk som nyttar Skype i arbeidssamanheng, og har møte med folk i fleire land på same tid.


  • Delicious: Delicious er ein stad der ein kan ta vare på nyttige nettadresser. Eg har oppretta konto, men ikkje teke programmet aktivit i bruk enno.


  • Flicr: Har oppretta konto, men ikkje teke programmet aktivt i bruk


  • Picasa: Program for bilete lagring- og behandling. Sist nedlasta er Picasa 3, der det også er lett å setje bileta saman til film. Fungerar godt i lag med web-baserte Picasa web album.

laurdag 14. mars 2009

Oppgåve 1 til tenkeverktøy, Leksjon 2

Programvare for læringsarbeid

All undervisning skal kunne knytast til ulike læringsteoriar. For lærarar som har arbeidd i skulen i mange år, må det vel innrømmast at desse teoriane ikkje står like klare heile tida, men eg vil hevde at dei likevel ligg til grunn for undervisninga. Alle er vel einige i påstanden om at det er viktig å variere undervisninga. Elevane lærer på ulike måtar, i tillegg er variert undervisning viktig for variasjonen sin del. Med aktiv bruk av IKT i undervisninga er muligheitene for variasjon store.
Timothy Koschmann er professor ved Southern Illinois University, USA. Han har utarbeidd ein tabell som viser utviklinga innan programvare for læringsarbeid, ofte kalla «Koschman-tabellen». Han deler utviklinga i fire steg.

I tillegg til "Koschman-tabellen" er "Hutchings kube" brukt til å kategorisere programvare som blir brukt i læringsarbeid.


(Vidare støttar eg meg til den norske oversetjinga ved Morten Søby i "Digital Kompetanse VOL.2 og forelesingsnotatar/leksjonstekst v/K. Antvort)

Programvare for læringsarbeid sett i lys av ulike pedagogiske hovudretningar:
CAI: Computer-Assisted-Instruction:
Dette er i utgangspunktet ein behavioristisk læringsteori, der program for læringsarbeid er kjenneteikna ved at det blir stilt spørsmål der den lærande svarar og får rask tilbakemelding om svaret er rett eller feil. Program i denne kategorien blir ofte brukt i innlæring av «Puggestoff», som td gangetabellen.
På skulen vår er eit gammalt program, «Formel», kanskje det programmet som blir mest nytta i innlæring av ulike matematiske strukturar. Programmet har enkel grafikk, fokus ligg på oppstiling og innlæring av enkle strukturar: addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon. Programmet tek også for seg enkel geometri. Ved feil svar får ikkje eleven gå vidare, men må gå tilbake og skrive inn rett tal.
Programmet har eksistert på skulen så lenge vi har hatt datamaskiner (?), men eg har ikkje klart å finne det på internett. Eg veit at lisensen er fri no, men at kommuna hadde lisens på programvara på -90 talet. Programmet er enkelt og sjølvinstruerande, lett å ta i bruk både for lærar og elev.
I forhold til Hutchings kube vil eg plassere «Formel» i enden av Z-aksen. Eleven er aktiv i å løyse oppgåver, men har ikkje kontroll over kva for oppgåver som dukkar opp. Eleven er heller ikkje deltakar i programmet, det er ikkje interaktivt på annan måte enn at eleven får tilbakemelding på rett/feil svar.
ITS (Intelligent Tutorial System): Information Processing Theory:
ITS er inspirert av tanken om intelligente datamaskiner, og vaks fram utover 1970 talet. I forhold til CAI skulle programvara no analysere eleven sitt svar og gi tilbakemelding på kva han burde øve meir på. Denne tanken er vidareført til programvare som blir presentert som ny også i dag. Typisk programvare som ligg under ITS er rettskrivingsprogram som analyserer eit visst tal oppgåver eleven gjer, for så å gje melding om kva eleven treng meir øving i.
DrillPro er eit program frå Grieg Multimedia der denne tanken er vidareført til også å gjelde kartleggingsprogram. I utgangspunktet var dette eit lese og skrivetreningsprogram som likna mest på eit CAI-program. Dvs at eleven fekk tilbakemelding på drilløvingar innanfor ulike delar av rettskriving, kunne øve på Touch-metoden og velje ulike ordleike-program. Lærar kan også lage eigne øvingar tilpassa dei ulike elevane. No kan ein også kjøpe kartleggingsprogram innanfor norsk, engelsk og matematikk. Etter at eleven har tatt ein kartleggingstest, vil programmet vise direkte til oppgåver i DrillPro som skal hjelpe eleven med å øve på det han ikkje meistra på testen. Eg har ikkje prøvd ut kartleggingsprogrammet til DrillPro, men er svært nøgd med sjølve drill-øvingane.
I forhold til Hutchings kube vil eg plassere DrillPro i enden av Z-aksen, og ein tredel opp/ut på y- og x-aksen. Dette fordi eleven heile tida må vere aktiv i programmet. Han har også ein viss grad av deltaking og kontroll i programmet, fordi han sjølv kan velje kva for øvingsoppgåver og kva nivå han vil øve på.
Logo as latin: Kognitiv konstruktivistisk læringsteori.
Her likar eg Kjell Antvort sin definisjon best , der han rett og slett viser til «tenkeverktøy». Programvare innanfor denne kategorien skal hjelpe eleven til å oppdage samanhengar og til å konstruere si eiga læring. Det er ikkje programvara i seg sjølv som skal gi læring, den skal vere eit verktøy som støttar opp om læringsprosessen.
Gode program innanfor denne kategorien vil vere program som kan hjelpe eleven med å sortere informasjon.
Bruk av tabell i ulike skriveprogram vil støtte opp under ulike læringsstrategiar, td. VØSL-skjema og tospaltenotat.
Digitale tankekart er ein annan type program som vil hjelpe eleven til å sortere læringsstoffet på ein god måte. «Freemind» er gratis programvare som kan lastast ned og installerast på maskina. «Mindomo» er nettbasert, der ein opprettar konto og samlar tankekarta sine der. Ein kan også publisere eller laste ned tankekart frå «Mindomo».
I forhold til Hutchings kube vil eg plassere digitale tankekart i enden på både x-, y- og z-aksen, altså ein aktiv, deltakande elev som tek kontroll over eiga læring. Frå min ståstad, i barneskulen, vil nok bruk av tankekart vere litt meir under kontroll av lærar, altså ikkje heilt i enden på x-aksen. Det vil imedlertid vere eit mål at eleven skal beherske desse verktøya på ein slik måte at dei sjølve kan ta kontroll over eiga læring.
CSCL: Computer-supported collaborative learning: Samarbeidslæring
Desse læringsteoriane fekk gjennomslag på 90-talet. I forhold til eigen praksis (-eg starta som lærar i 1990) så har samarbeidslæring vore grunnleggande for mykje av tenkinga rundt opplæring. Denne tenkinga viser seg også når det gjeld utvikling av IKT verktøy. For opplæring i basisferdigheiter er det godt å ha drill-program, men for å utvikle dei ulike sidene hos eleven er gode samarbeidsverktøy viktig.
Samarbeidsverktøy kan vere svært ulike, og med ein vid definisjon kan også enkelte program innanfor CAI kallast samarbeidsverktøy. Eg tenkjer då på programmet «Mons og Marte» som no også finst i ein oppdatert versjon på nettet. Dette programmet er eit digitalisert brettspel der du «kastar terning» og får oppgåver innan dei fire rekneartane. Dei kan spele aleine eller to saman. Når to spelar saman vil dei kunne samarbeide og hjelpe kvarandre, eller motivere kvarandre til å kome først i mål.
Med samarbeidsverktøy vil ein nok i dag heller tenkje på verktøy som kjem inn under Web 2.0 eller sosial web. Her finst etterkvart mange program å velje mellom. Til forskjell frå tidlegare program vil elevane her vere interaktive på ein heilt annan måte, dei vil kunne påvirke programvara og dele produkt med både andre elevar og lærarar. Eit typisk eksempel er Google Dokumenter. I dette programmet kan fleire vere inne og redigere ein tekst på same tid. No er det ikkje alltid at det fungerar så godt som ein ynskjer, men tanken om at to eller fleire arbeider på same dokument er i høgste grad samarbeid. I Google dokument kan ein arbeide med ulike program, slik som tekstdokument, presentasjon og rekneark. Konkret eksempel på bruk av Google Dokument på 7. trinn: Elevane skriv bokmelding i tekstdokument, deler dokumentet med medelevar og lærar. Elevane gir kvarandre tilbakemelding (respons) på teksten, lærar har innsyn i alle dokument og kan rettleie den som treng det.
I forhold til Hutchings kube vil eg plassere samarbeidsverktøy som Google Dokument på same plass som tenkjeverktøya. Samarbeidsverktøy krev elevar som er aktivt deltakande og tek ansvar og kontroll over eiga læring. Elevar som ikkje har desse ferdigheitene vil fort kunne «dette av lasset» om dei ikkje blir fanga opp og sett i gang. Ein fare med dei sosiale verktøya er at lærar ikkje lenger har like god oversikt over den enkelte, og at den faktiske deltakinga (Y-aksen) ikkje vil vere så god. Konklusjon må då vere at lærar må setje seg godt inn i sosial programvare, for det vil kreve god oversikt og oppfølging av den enkelte elev for å sikre at alle når dei måla som er sett.

Oppgåve 2 til tenkeverktøy, Leksjon 2




Sjølv med sol og vårstemning ute har eg klart å kome gjennom leksjon 2 i tenkeverktøy, nokonlunde i allefall. Eg har att oppgåve 1 til leksjonen, den må kome etter litt tenking. Har lasta ned og leika litt med bru-konstruksjon. (Bridge-construction, last ned demo her) Eg kan i allefall slå fast at verda ikkje saknar ingeniøren Agnes, her var det mange mislykka forsøk. Litt vanskeleg å manøvrere, å forstå når eg hadde brukt opp budsjettet? Reknar med at det var det som skjedde då eg plutseleg ikkje fekk legge på meir materiale... Eg nådde ikkje nivå tre denne gongen, vi får sjå om eg tek ein runde til seinare.
Skjermbilete, tatt med "Jing"

Denne brua var vel meir som ein demo, men biletet vart fint :)

M2

Gløymde å ta med i siste innlegg at vi kom i mål med M2! oppgåva vår finn du her. Søndagen var visst alle inne på oppgåva til same tid, Marita ba om å få lese over og lage ferdig framsida på måndag. Det var eigentleg min jobb søndagskvelden, men takka kjapt ja til det tilbodet! Det var ein kjekk måte å arbeide på, og på oppgåva på samlinga fann vi vel ut at vi samarbeider ganske godt "live" også.

Etter samling og før oppgåve

Sist veke var det samling. Torsdag gjekk vi raskt gjennom picasa og Google Earth/geotagging, før gruppene fekk øvingsoppgåver:

Lag veiledningen til en oppgave for elever der de bruker Google Earth. Gjør oppgaven og presenter resultatene.

  • Aktiviteten bør så lagt mulig støtte opp om det vi vet/tror om barn og unges mediebruk
    (meningsstyrt, aktiv og deltakende, preget av at jevnaldrende er hverandres læremestre, mobil, global)
  • Skal gjøre bruk av plassmarkører og/eller geotagging og/eller lag i Google Earth
  • Bør utnytte muligheter gitt av det at dere har med digitalkamera
  • Måloppnåelse (læringsmål) skal sannsynliggjøres (skisser).
  • Utfør oppgaven selv (så langt det er mulig)
  • Presenter veiledning og resultat for de andre gruppene

Vi diskuterte ulike oppgåver vi kunne ta fatt i, men landa på "Mine Aner". Kort går den ut på at eleven skal finne bilete av seg sjølv-foreldre-besteforeldre og oldeforeldre og geotagge dei. Marita hadde forslag om å illustrere forfedrene til Rolf med ulike hattar frå kostymelageret, så fredagsmorgonen kosa vi oss med utkleding og fotografering. vart ikkje heilt ferdige med å geotagge alle, men fekk illustrert oppgåva vår på ein humoristisk måte.
Her er lenka til oppgåva vår.

Fredagen gjekk fort, så økta om pedagogisk programvare vart litt kort.
Torbjørn Frantsen (?) hadde ei økt med Sketchup, interessant og kjekt, men litt usikker på om det er noko vi kan ta i bruk på barnetrinnet. Det må i så fall vere enkle oppgåver som kan skape nysgjerrrigheit hos elevane, brukt som eksempel på tredimensjonal teikning. Det var i allefall nytt for meg, og ein uvant måte å tenkje på. Eg kom ikkje så langt på huset mitt, men det eg klarte kan du sjå her: Agnes sitt hus (Denne lenka må eg lage til seinare, må vel laste den opp i Fronter først)

M3 vart utsett til neste måndag - flott, tenkte eg, då får eg tid til å jobbe med leksjonane og lese litt av det eg ikkje har lest før... Med full pakke på skulen, samling i Loen med udf og sjukdom gjekk veka fort, så får eg sjå kva eg rekk i helga.

onsdag 4. mars 2009

M2 - igjen

No er vi snart i mål med oppgåva vår, berre finpussen som står att. Hadde Skype møte både i går kveld og i kveld, den samarbeidsforma går kjempebra! No er det vel på tide å sette seg inn i "Digital Arena 2", såg at Kjell var litt streng på den :) Har på følelsen av at det ligg ting der som skulle vore prøvd ut, men rekk nok ikkje det no. Gler meg til ny samling, håpar på å bli inspirert. Har hatt ei flott gruppe å arbeide i lag med, men utover det har eg vore lite motivert etter jul.

laurdag 28. februar 2009

Kveldsarbeid

Har sett litt på M2, Marita har skreve inn det vi snakka om i går, bra! Skal lese litt meir i "Generasjon.com" og "Prosjektarbeid", kanskje eg kan bidra med noko av teorien derifrå. Undervisningsopplegget vårt ser i allefall bra ut. Vi legg opp til ideelle arbeidsforhold, på denne måten er det ekstra kjekt å vere student!
Har også lest gjennom leksjonen "Digital arena" og så vidt kome i gang med Tønnesen si bok. Om det ikkje slår til med knallvêr i morgon så blir det ein lengre studiedag :)

torsdag 26. februar 2009

M2

No har vi hatt to Skype-møter til, og oppgåva tek form. Lærerik arbeidsform, der både muligheitene og begrensingane viser seg. I kveld var det eg som hadde litt dårlig forbindelse, og då blir det sjølvsagt litt vanskeleg å delta. Skal ta det att i helga ! Vi er godt i gang med moment til refleksjonsdelen, og med ulike utgangspunkt trur eg vi får dekt mykje.
Får lest litt pensum no i ferien, men skulle gjerne hatt ei veke til utan undervisning, lesinga tek tid (sjølvsagt), og tid er eg litt i minus på om dagen.

fredag 20. februar 2009

Mappeoppgåve 2

I går kveld hadde vi gruppemøte på Skype, og no føler eg at vi er godt i gang. Visste ikkje heilt kva eg skulle forvente av eit slikt møte, men synest at det fungerte kjempegodt. Marita skreiv ein del medan vi diskuterte oss fram til ein del rammer for oppgåva, så no jobbar vi vidare på dokumentet ho oppretta. Prøvar med eit Skype-møte neste veke og, vi var enige om at vi vil ha oppgåva mest mogleg klar før neste samling. (eller skulle vi bli heilt ferdige??) Uansett så dreg vi i same retning, og er enige om opplegget så langt.

tysdag 17. februar 2009

Mappeoppgåve 2

Då er vi godt i gang med M2. Marita tok initiativ og oppretta startdokumentet. Vi andre har vakna litt etterkvart, og på torsdag har vi avalt møte på Skype. Mine eigne ferdigheiter ved pc'n aukar i allefall nesten frå dag til dag! M2 blir ei interessant gruppeoppgåve, både arbeidsmåte og innhaldet gir utfordringar.
Har lasta ned Acid Express, men berre så vidt starta på å gjere meg kjend med programmet. Det vart litt overveldande.. Synest dei svenske forklaringsvideoane til Audacity var gode, så trur eg skal ta ei stille stund med dei før eg prøvar igjen.
14-åringen kika på ei lita stund før han heiv seg på og klikka litt, det verka som han såg ein logikk eg ikkje fekk tak i. Kanskje dette også har mykje med kjønn og interesse å gjere? Eg innrømmer glatt at eg gjerne vil ha ei oppskrift som fungerar, medan både mann og sønn synest at mykje er kjekkast å finne ut av på eiga hand.

søndag 15. februar 2009

Xtranormal

No har eg kika litt på programmet Xtranormal, og er vel ikkje heilt overbevist. Det er betre måtar å lage animasjonsfilm på! Så er det vel ikkje sikkert at det er animasjonsfilm som er hovudmålet med dette programmet. Kjell nemner i sitt blogginnlegg noko om språk, og der ligg det nok eit poeng. For å få desse karakterane til å snakke, må det skrivast korrekt engelsk -eller andre språk. På den måte kan det nok vere kjekt som ei avveksling i undervisninga. men når eg tenkjer på alt eg gjerne skulle gjort i engelsktimane, så kjem nok ikkje dette høgt på prioriteringslista! Prøver å legge ved mitt første filmforsøk: Min første film!
(Får litt panikk no på slutten av året, for denne filmen dukkar berre opp når den sjølv vil. Det ser ut som om programmet ikkje fungerar som det skal heile tida, for i dei periodane filmen ikkje viser her, får eg den heller ikkje fram på heimesida mi i programmet.)

Comic Life

Då er eg endeleg klar for nye utfordringar. Ligg litt på etterskudd, men no er Comic life lasta ned, og eg har så vidt begynt å utforske muligheitene der. Reknar med at kreativiteten vil blomstre når ungane mine får sjå programmet. Har laga ei side med bilete frå ei skulehandballturnering, og ser at dette er noko som er lett å ta i bruk. Har ikkje tatt utskrift enno (tomt for blekk i heimen), men gler meg til å sjå korleis det blir. (Du kan sjå sida på nettstaden min)

Teikneserie er eit medie som dei fleste barn har eit forhold til når dei startar på skulen. Ofte er teikneserie av dei første eigenproduserte tekstane dei lagar. Dette tek heldigvis læreplanen inn, og i kompetansemål etter 2. årstrinn heiter det mellom anna:
- Uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser
Etter 4. årstrinn er det litt meir vagt, men kan knytast til teikneserie:
- Drøfte noen estetiske virkemidler i sammensatte tekster
Etter 7. årstrinn er det heilt klart at dette må inn i undervisninga:
- Lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy
- Bruke estetiske virkemidler i egen tekstproduksjon
- Bearbeide digitale tekster og drøfte virkningene
Og etter 10 trinn finn ein dette målet:
- Bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster

Zeppelin er eit norskverk der teikneserie er med som arbeidsform. (Dette gjeld sikkert fleire læreverk, men det er Zeppelin, mellomtrinn, eg kjenner best.) På nettsidene til Zeppelin er det eit eige verktøy som introduserer elevane for det å skape teikneserie på datamaskina. Lenke til "Cartoonist". Dette verktøyet fungerar greit, men manglar ein viktig funksjon: Det går ikkje an å lagre arbeidet. Med tilmålt datatid ein eller to gongar i veka kan det bli vanskeleg å lage noko meiningsfylt, og ein endar opp med utskrift og "klipp og lim". Produktet kan då ikkje enkelt lagrast i digital mappe, og sjølv om eleven får prøve å lage teikneserie får ein ikkje brukt dette vidare.

Teikneseriar kan brukast i dei fleste fag. Det høyrer sjølvsagt heime under samansette tekstar i norskfaget, men tema kan hentast frå alle fag i grunnskulen. Med verktøyet "Comic life" kan ein hente bilete frå nettet, og det burde derfor vere mogleg å lage seriar i alle tema ein er innom. Verktøyet kan og brukast til å lage framsider til ulike elevhefter, eller plakatar.

Tenkte oppgåver:
Norsk: Lag plakat som illustrerer "Determinativ"
Matematikk: Lag ein teikneserie om januarsalet, prisane er sett ned med 20%, 40% og 60%.
Engelsk: Lag teikneserie av teksten "The golden ring"
Samfunnsfag: Lag framside til arbeidet ditt om Asia.
Naturfag: Forklar fotosyntesa med ord og bilete.
RLE: Ghandi (bør avgrensast..)
KuHa: Edvard Munch
Kroppsøving: Forklar reglane i "Boksen går" gjennom ein teikneserie
Musikk: Abba

Skal prøve å lage døme på ei av oppgåvene seinare.

søndag 8. februar 2009

Mappeoppgåve

Endeleg levert! Den sat langt inne. Har brukt mykje tid (kanskje unødig?)på ulike nettressursar. Det ligg mykje bra klart til bruk, og då blir det mykje materiale å bla i. Er litt usikker på kravet i denne oppgåva, men trur eg skal ha klart å oppdatert ein rektor som skal førebu seg. Kanskje eg skal overlevere oppgåva til rektor og sjå kva han får ut av det?
Har skreve oppgåva i Google Dok, men som under eksamen gjekk mykje tid med til å vente medan Google hang seg opp på lagring. Det vart litt bedre etter at eg fekk stoppa ei nedlasting som var på gang på "ungdomsrommet"(Har eg kontroll på kva eigne ungar gjer på nettet??), men er likevel ikkje heilt nøgd med Google no.
Hadde tenkt å skrive denne oppgåva med utgangspunkt i tankekart. Morten og eg hadde ei idemyldring der vi brukte tankekart, men brukte ikkje dette direkte i oppgåva. Trur eg må lære tankekartverktøyet bedre før eg kan bruke det på den måten.

Elles hadde eg ei god pause og var tilskuar på UKM. Godt å sjå ungdom som er kreative i den verkelege verda!

laurdag 7. februar 2009

Vil gjerne få til det med lenke, prøvar igjen, med ei lenke til Nett - tv og Tomra Brass si framføring i NM.

Mappeoppgåve

Har etterkvart mykje stoff, men synest framleis det er vanskeleg å organisere det fornuftig i ei oppgåve. Tok fatt i rektor sitt innlegg på foreldremøte i dag, så eg er ferdig med den delen. Første del av oppgåva skulle då vere å formalisere dette stoffet, og det burde vel vere greit. Kafør gjeng det so innmari tregt å få desse orda i en fornuftig sammenheng då????
No er i allefall laurdagsjobbinga ferdig, ikkje meir fornuft å få ut og inn på maskina no, så eg trur eg tek kveld med laurdagspizza og strikk i sofakroken.
Prøvar med ei lenke i loggen; Andreas (sønn) har deltatt på NM i Brass i Grieghallen i dag, nett-tv er lurt :)

Tomra Brass, heimeside

søndag 1. februar 2009

Mappeoppgåve

Kjekk oppgåve, praktisk og grei, burde gå så lett som berre det å skrive dette her...
Men - dette går for tregt, kjem aldri skikkelig i gang, tullar berre rundt med ord :(
Har rammene klare, det er innhaldet som er problemet. Kanskje har eg for mange ressursar tilgjengeleg? Føler på kroppen at kjeldene på nettet er utømelege, og det kan vere vanskeleg å velje ut det beste..
Set strek for i kveld, i morgon er det ny dag med nye sjansar. Tenk positivt :)

torsdag 29. januar 2009

Mappeoppgåve Sosial web

Morten og eg myldra litt rundt mappeoppgåva i går, jobba vidare på tankekartet. Her er mykje å ta med, hovudoppgåva blir nok å samle det viktigaste. Sidene til Skolenettet har mykje informasjon, både retta mot lærarar og foreldre - ein god ressurs!
Lenke til tankekartet vårt her :)

tysdag 27. januar 2009

Tysdagskveld

Har sett på nettleksjonen og lagt eit par linkar til tankekartet. Tenkte eg skulle bruke det som basis for oppgåva, men er ikkje heilt sikker lenger. Det tek tid å setje seg inn i eit nytt program, og tida bør kanskje nyttast til å formulere oppgåva i staden. Vi får sjå, bestemmer meg i morgon. Finn ut litt nytt for kvar gong eg er inne :)

måndag 26. januar 2009

Veke 5

I helga prøvde eg å jobbe litt med nettstaden, men føler at det går litt trått.. Trur kanskje at det gjekk opp nokre lys i går kveld, så det kan hende det blir litt kjekkare å halde på etterkvart. Mappeoppgåva er eg ikkje heilt i gang med enno, men har avtalt med Morten at vi skal ta litt idè-myldring i lag på onsdag. Vi har mange planar for klassa, det blir nok både nettstad og blogg på dei også utover våren. Før vi kan starte på det, blir nok personvern og nettbruk tema på eit foreldremøte, så mappeoppgåva blir svært praktisk retta for oss. Foreldre ser gjerne ting frå heilt uventa vinklar, så vi får bu oss på det meste :)

Ser at Kjartan har lagt ut ny leksjon med oppgåve, håpar at den også kan setje tankane i sving.

søndag 25. januar 2009

Nytt Blogginnlegg

No Håpar at dette kjem fram til bloggen min
føler meg litt slik...
Agnes





tysdag 20. januar 2009

"Tenkeverktøy"

Har gått gjennom leksjonen om tenkeverktøy, og fått repetert ein del frå samlinga. Det tek tid om ein skal innom nokre av lenkene som er lagt ut, her er mykje kjekt å prøve ut. Tankekart er alt innført som læringsstrategi på 7. trinn, den elektroniske versjonen er rett rundt hjørnet. Ein av elevane mine la meg til som venn på Nettby - ser han er aktiv på nettet. Han lurte på om vi ikkje kunne lære å lage heimeside på skulen, det hadde i allefall han lyst til. Eg mistenkte straks Morten for å ha planta tanken i guten, men det viste seg at dette var noko han hadde kome på sjølv. Svaret er sjølvsagt ja!! Vi spurde for sikkerheits skuld foreldra før vi oppretta Google konto for elevane i haust, heimeside og blogg er naturleg progresjon.

Ser at mappeoppgåva ligg klar - den er praktisk og veldig aktuell, og bør ende i eit dokument som kan brukast :)

søndag 18. januar 2009

Refleksjon etter 1. samling

Det var kjekt å vere på samling igjen! Samlingane gir ein ekstra dytt for å starte arbeidet, gode tips frå både forelesarar og medstudentar gir også litt ekstra. Det var nyttig å ha lest gjennom "Norskboka.no" før samlinga. Der er fleire nettstadar eg må gjere meg kjend med.
Torsdagane kan bli lange, med full arbeidsdag før reise og ettermiddagssamling. Då er det greit med litt praktisk arbeid i tillegg til førelesning. Her var kanskje ikkje så mykje nytt, men mykje som sette tankane i sving. Eg veit at eg har ei klasse med aktive nettbrukarar, både på godt og gale. Gale fordi dei har vore innom både trakassering og mobbing, men godt fordi dei er ein fin gjeng å prøve ut nye ting på. Dei kan mykje, og kan også overaske med gode innspel. Dei er også glade for å få prøve nye ting. (Etter ein kort time med Picnik finn eg oppdaterte profilar med nye profilbilete der både lausbart og briller frå Picnik er nytta.)
Innføring i tankekart på fredag var interessant, og eg trur eg har fått eit nytt verktøy som vil bli mykje nytta - både privat og i jobbsamanheng. Elles har vi fått utvida gruppa vår med to stk, Marita og Rolf. Det er kjekt å jobbe fleire i lag, så på den måten er eg nok heilt på linje med Wesch!

Læringspotensial i Web 2.0

18. januar -09



Læringspotensiale ved ulike nettsamfunn vert forska på av fleire. Den amerikanske professoren Michel Wesch brukar web 2.0 aktivt i si undervisning, og viser med dette det han meiner: Læring foregår gjennom samhandling, og den beste måten å lære på er å lære av kvarandre. Han let studentane byggje opp ein nettstad gjennom notatar frå førelesningar og diskusjonar kring tema han føreles, og på den måten bygg elevane opp både sin eigen og medstudentane sin kunnskap. Dette verkar spennande og svært lærerikt for studentane som tek del i prosjekta hans. Wesch underviser i antropologi, og samhandling, utvikling av eit miljø vil derfor vere ein viktig del av studiet



Den britiske forskaren Neil Selwyn er meir kritisk til den sosiale weben og grad av læring. Selwyn er sosiolog, og forskar på digitale media si rolle i kvardagslivet. Han meiner at det ikkje er så lett å dokumentere ei formell læring gjennom bruk av Web 2.0. Den uformelle læringa er meir opplagt. Elevar brukar nettet som ein sosial møteplass, og tileignar seg digitale ferdigheiter etter som dei har behov for å nytte ulike applikasjonar. "Tilstrebelse av kunnskap og ferdigheter gjennom aktiv hjelp og støtte mellom likeverdige partnere. Personer fra samme sosiale gruppering hjelper hverandre med å lære, og gjennom å gjøre det lærer man også selv."(Topping 2005)

Desse ferdigheitene er ikkje like naturleg å nytte seg av i skulesamanheng (Formell læring).



For oss som arbeider på barneskulen er bruk av Sosial web ein ny - og kanskje skremmande? -måte å tenkje på. Vi veit at det er mykje basiskunnskap som må inn før elevane er modne nok til sjølve å vurdere korleis dei kan bruke Sosial web på ein fornuftig måte. Likevel bør ein ikkje avvise tanken heilt. Elevar ned til 7-8 års alder har konto på ulike nettstadar, og mange er aktive nettbrukarar. Ei utfordring for både foreldre og lærarar vil vere å sjå positivt på nettbruken, og å hjelpe elevane til å finne ulike område der dei kan nytte kunnskapen som dei "leikar" inn.

tysdag 13. januar 2009

Obligatorisk oppgåve

Her var det mykje å setje seg inn i for ei som ikkje har blogga eller hatt nettstad tidlegare! Ungdomen i huset lurer på om eg er blitt litt nerd..
Fagartikkelen om Wesch og Selwyn sine syn på læringspotensiale i Sosial web er eg ikkje i gang med enno, det tek tid å lese seg til ting på engelsk. Interessant diskusjon, mange vinklar, trur Selwyn kanskje ligg nærast det eg tenkjer i dag, så får det vise seg kva syn eg landar på etter kvart.

Ny blogg!

Her er mitt første blogginnlegg, mest for å sjå korleis dette blir sjåandes ut. Kanskje det blir litt meir spennande etterkvart?